søndag 6. mai 2018

Den lille kråka

Ein morgen såg eg ein kråke på verandaen, og eg gjekk ned med ost og kamera. Resultatet av den handlinga visar eg her:





Herdlevær og andre stadar

Eg blei med på ein organisert tur til Herdlevær, der vi skulle sjå etter trekkande sjøfuglar. Det var tidleg opp, for turen byrja klokka seks. Og klokka seks køyrte også tre bilar fulle av fugleinterriserte mot Herdlevær i Øygarden.Vi rigga oss opp med teleskop, og godt humør med forventningsfulle blikk ut mot sjøen. Dessverre var det dårleg sikt med tåke på alle kantar, og det la jo ein demper på stemmningen, men fuglar flaksa nå forbi likevel!

Dei første fuglane som flaug forbi var svære flokkar med tjeld, mellom 20 og 30 i kvar flokk. Etter kvart byrja både havsuler og svartender også å flakse forbi. Deretter kunne vi (alle untatt meg) sjå smålom ute i horisonten. Haveller og joer mangla det heller ikkje på, og vi såg både storskarv og toppskarv fly fram og tilbake ute på havet. 

Plutseleg høyrte eg ordet islom bli ytra, og eg kasta meg over kikkert og teleskop for å sjå om eg kunne finne den, men ingen islom kryssa mitt blikk. Så den islommen såg eg aldri, men ein lita stund seinare blei ordet "islom" ytra for andre gong, og eg kasta meg over teleskopet igjen. Det tok sin tid, men til slutt hadde eg linsen peikande mot ein islom i sommerdrakt som låg og duppa i sjøen. Ein fantastisk oppleving for ein som aldri har sett islom før.

Naturlegvis var det meir enn berre islom og dei andre fuglane eg har nemnt. Vi såg også ravn, kråke, gråmåke, fiskemåke, svartbak, krykkje, siland, lomvi, steinskvett og havhest. Alt i alt synest eg det var svært vellykka. Dessverre for meg, den lille fotografen er ikkje sjøfuglskåding heilt fotovenleg, men eit bilete fekk eg nå tatt:

Ein havsule som flaug forbi, utruleg nærmt land.


Etter vi var ferdig med sjøfuglskådinga drog vi ut på tur for å sjå etter andre fuglar. Det aller første vi såg var grågjess, vidare var nok rekkefølga tjeld, gråtrost, svarttrost, linerle, pilfink, løvsanger, svartmeis, ærfugl og gråhegre. Av småfuglane såg vi sikkert fleire, men eg skreiv det ikkje ned så det er hukommelsen som er mitt verktøy i skrivende stund, og hukommelsen min er ikkje alltid heilt til å stole på.




Etter den lille spaserturen på Herdlevær drog vi for å sjå om vi kunne finne ein sivsanger. Fuglar blei obsevert inne i sivet, men trass i mange anstrengingar klarte vi ikkje å sjå om det var ein sivsanger der nede.  :-(

Vidare drog vi til Tjeldstø for å finne fleire fuglar å fotografere og notere. Vi køyrte til eit vatn, og såg der ganske mange fuglar, mest måkar og gjess. Lista av fuglar (som er frå hukommelsen min) blei sånn:

svartbak
gråmåke
sildemåke
fiskemåke
grågås
krikkand
havørn
siland
(storspove?)
rødstilk
fuglar som eg har sett så mange gongar før at dei ikkje lenger klarar å klore seg fast i hukommelsen.








Etter den oversymjinga av gjess og måkar  drog vi til ein myr/eit vatn på jakt etter nye arter, og for min del: nye bilete (og nye arter så klart) . Når vi kom bort var det første synet ein heil haug med gjess, grågjess. Vidare høyrte vi (og såg) storspover. Ein fluesnapper blei også observert , og eg fekk auge på både stokkender og gråhegrer på same flekk. Låvesvaler var det heller ingen mangel på.



Mine to utruleg dårlege storspove bilete.

Når vi var ferdige med myren/vatnet gjekkk vi ein lita rundtur tilbake til bilen. På den turen blei det ingen minneverdige bilete, men det var nå litt fuglar. Eg kan blant anna nemne viper, tjeld og nokre ubestemte sisikar. Må innrømme at eg ikkje fekk auge på alle fuglane som dei andre fekk auge på, men til mitt forsvar er mange fuglar små, og dermed også vanskeleg å sjå.
Vi skulle avslutte turen med litt meir vatn og skog, men det blei det ikkje noko av, for plutseleg fekk dei andre melding om kaspinmåke ved eit heilt anna vatn ein heilt anna stad, og det blei full utrykning. Eg hoppa ut av bilen så fort vi kom heim på min lille øy Misje.

Og det var den turen.

torsdag 29. mars 2018

Sangsvane (og stokkand) fototur




 Sangsvaner ved Ågotnes i hard vengjeviftekamp.
 Ein søt stokkandho sittar å ser på meg. Nysjerrig på kameraet mitt kanskje?
 Stokkender på frierfot!
 Tre er eit lykketal!
 Litt knuffing i dammen.


 Stokkender likar å vise fram vengjene sine.

 Sangsvaner ved matfatet.
 Rett og slett nydlege skapningar!
Og sangsvane (og stokkand) fototurinnlegget er offisielt avslutta.

mandag 5. mars 2018

Telelinse!

Eg har fått meg ein telelinse til kameraet mitt, og med eit er bileta mine mykje betre! Sjekk ut;












onsdag 7. februar 2018

Sangsvaner!

For ein liten stund siden oppdaga eg to svaner i Misjevatnet! Og ikkje berre svaner; sangsvaner! Etter skulen drog eg bort til vatnet, og begynte fotograferinga. Dessverre blei det etterkvart for mørkt til å ta bilete. Dagen etter drog eg bort igjen. Nå var vatnet fryst ganske godt igjen og svanene hadde mindre enn halvparten av det allereie lille vatnet igjen. Eg var ganske bekymra, men svaner kan jo fly, så eg satte min lit til at dei ville dra visst det blei for ille. Eg knipsa i veg, lytta litt til nokre pussige lydar dei laga, men drog heim før kulden overvant meg heilt.

Tredje dag hadde dei flydd vekk.

Sangsvanene prøvar å kome seg litt lenger utpå vatnet, men blir stoppa av isen.

På veg tilbake same veg som dei symte opp.

Hade til sangsvanene!