fredag 9. november 2018

Svanene i Bergen by

Lenge sidan eg har skrevet noko på bloggen, eg veit det. Men livet som ungdomsskuleelev er eit trevelt liv. I tillegg til leksar og prøver så kjem fritidsaktivitetar og vener i første rekke. Deretter kjem bloggen. Nå ser eg mindre på Netflix enn før så nå har eg endeleg funnet tid til bloggen. Det er ikkje det at eg har sett på film heile tida altså. Det er berre det at 20 min ekstra film kan vere akkurat den tida eg burde brukt på bloggen.


I dag hadde eg pianotime i Bergen så eg og mamma så på svanene før timen byrja. Det var mørkt og dei bevegde seg så bileta blei uklare. Akkurat da eg fann eit triks som hjalp meg å få bedre bilete måtte vi gå. Men eg fekk nokre som eg blei halvegs fornøgd med sjølv om kvaliteten var elendeg. Bileta blei litt trolske og mystiske, med stor kontrast mellom det svarte vatnet og dei kvite svanene.












søndag 15. juli 2018

Havørn

Denne helgen, 14.-15. juli drog heile familien, inkludert hunden Misjka på segltur til øya Løno. Eg leste på ein bok av Jules Verne; Onkel Robinson. Ein bok eg vil anbefale. Men det er ikkje Jules Verne denne fuglebloggen handlar om. Då da får eg heller skrive om det eg skulle skrive om.

Ved hegreholmen - som eg kallar holmen utfor med huset, av opplagte grunnar - var det ein valdsam kakofoni og alle slags fuglar flaksa rundt. Orsaka til dette blei snart klar: ein havørn. Naturligvis fekk eg gode bilete som eg visar nedenfor:









Havørnen var den 14. juli. Men den 15. juli var også ein fuglerik dag. Eg såg havørn (den same som dagen før trur eg, med tanke på fjørdrakt og stad) som eg dessverre ikkje fekk gode bilete av, diverse ender, kråker, gråhegrer og måker. I tillegg til dette såg eg også ein ung havsule ute på havet. Av alle desse fekk eg bilete av endene, kråkene og måkene. Dei blei til gjengjeld ganske bra så dei vil eg leggje ut her.








tirsdag 5. juni 2018

Starereir

Eg var innom eit starereir for å sjå om eg fekk nokre gøyale bilete. Familien var svært mistenksom til lille meg som satt der, berre 5 meter unna - på andre sidan av vegen. Eg gjekk bort frå reiret fort, for å ikkje forstyrre, men eg fekk litt bilete likevel:





Når staren ikkje var i søkelyset var det andre typiske vårmotiv som gjaldt:









søndag 6. mai 2018

Den lille kråka

Ein morgen såg eg ein kråke på verandaen, og eg gjekk ned med ost og kamera. Resultatet av den handlinga visar eg her:





Herdlevær og andre stadar

Eg blei med på ein organisert tur til Herdlevær, der vi skulle sjå etter trekkande sjøfuglar. Det var tidleg opp, for turen byrja klokka seks. Og klokka seks køyrte også tre bilar fulle av fugleinterriserte mot Herdlevær i Øygarden.Vi rigga oss opp med teleskop, og godt humør med forventningsfulle blikk ut mot sjøen. Dessverre var det dårleg sikt med tåke på alle kantar, og det la jo ein demper på stemmningen, men fuglar flaksa nå forbi likevel!

Dei første fuglane som flaug forbi var svære flokkar med tjeld, mellom 20 og 30 i kvar flokk. Etter kvart byrja både havsuler og svartender også å flakse forbi. Deretter kunne vi (alle untatt meg) sjå smålom ute i horisonten. Haveller og joer mangla det heller ikkje på, og vi såg både storskarv og toppskarv fly fram og tilbake ute på havet. 

Plutseleg høyrte eg ordet islom bli ytra, og eg kasta meg over kikkert og teleskop for å sjå om eg kunne finne den, men ingen islom kryssa mitt blikk. Så den islommen såg eg aldri, men ein lita stund seinare blei ordet "islom" ytra for andre gong, og eg kasta meg over teleskopet igjen. Det tok sin tid, men til slutt hadde eg linsen peikande mot ein islom i sommerdrakt som låg og duppa i sjøen. Ein fantastisk oppleving for ein som aldri har sett islom før.

Naturlegvis var det meir enn berre islom og dei andre fuglane eg har nemnt. Vi såg også ravn, kråke, gråmåke, fiskemåke, svartbak, krykkje, siland, lomvi, steinskvett og havhest. Alt i alt synest eg det var svært vellykka. Dessverre for meg, den lille fotografen er ikkje sjøfuglskåding heilt fotovenleg, men eit bilete fekk eg nå tatt:

Ein havsule som flaug forbi, utruleg nærmt land.


Etter vi var ferdig med sjøfuglskådinga drog vi ut på tur for å sjå etter andre fuglar. Det aller første vi såg var grågjess, vidare var nok rekkefølga tjeld, gråtrost, svarttrost, linerle, pilfink, løvsanger, svartmeis, ærfugl og gråhegre. Av småfuglane såg vi sikkert fleire, men eg skreiv det ikkje ned så det er hukommelsen som er mitt verktøy i skrivende stund, og hukommelsen min er ikkje alltid heilt til å stole på.




Etter den lille spaserturen på Herdlevær drog vi for å sjå om vi kunne finne ein sivsanger. Fuglar blei obsevert inne i sivet, men trass i mange anstrengingar klarte vi ikkje å sjå om det var ein sivsanger der nede.  :-(

Vidare drog vi til Tjeldstø for å finne fleire fuglar å fotografere og notere. Vi køyrte til eit vatn, og såg der ganske mange fuglar, mest måkar og gjess. Lista av fuglar (som er frå hukommelsen min) blei sånn:

svartbak
gråmåke
sildemåke
fiskemåke
grågås
krikkand
havørn
siland
(storspove?)
rødstilk
fuglar som eg har sett så mange gongar før at dei ikkje lenger klarar å klore seg fast i hukommelsen.








Etter den oversymjinga av gjess og måkar  drog vi til ein myr/eit vatn på jakt etter nye arter, og for min del: nye bilete (og nye arter så klart) . Når vi kom bort var det første synet ein heil haug med gjess, grågjess. Vidare høyrte vi (og såg) storspover. Ein fluesnapper blei også observert , og eg fekk auge på både stokkender og gråhegrer på same flekk. Låvesvaler var det heller ingen mangel på.



Mine to utruleg dårlege storspove bilete.

Når vi var ferdige med myren/vatnet gjekkk vi ein lita rundtur tilbake til bilen. På den turen blei det ingen minneverdige bilete, men det var nå litt fuglar. Eg kan blant anna nemne viper, tjeld og nokre ubestemte sisikar. Må innrømme at eg ikkje fekk auge på alle fuglane som dei andre fekk auge på, men til mitt forsvar er mange fuglar små, og dermed også vanskeleg å sjå.
Vi skulle avslutte turen med litt meir vatn og skog, men det blei det ikkje noko av, for plutseleg fekk dei andre melding om kaspinmåke ved eit heilt anna vatn ein heilt anna stad, og det blei full utrykning. Eg hoppa ut av bilen så fort vi kom heim på min lille øy Misje.

Og det var den turen.

torsdag 29. mars 2018

Sangsvane (og stokkand) fototur




 Sangsvaner ved Ågotnes i hard vengjeviftekamp.
 Ein søt stokkandho sittar å ser på meg. Nysjerrig på kameraet mitt kanskje?
 Stokkender på frierfot!
 Tre er eit lykketal!
 Litt knuffing i dammen.


 Stokkender likar å vise fram vengjene sine.

 Sangsvaner ved matfatet.
 Rett og slett nydlege skapningar!
Og sangsvane (og stokkand) fototurinnlegget er offisielt avslutta.